Små skolar og kortreiste elevar

Små skolar og kortreiste elevar bokomslag

DOI:

https://doi.org/10.60725/whq0-hz59

ISBN (print)

ISBN: 978-82-7518-296-6

ISBN (digital)

ISBN: 978-82-7518-298-0

Publisert

2025

Opphavsrett

Marit Solstad, Nord universitet
Karl Jan Solstad, Nordlandsforskning

Lisens

Dette verket er lisensiert under Creative Commons Attribution 4.0 International

Små skolar og kortreiste elevar

– Til det beste for elevar, bygdesamfunn og land

Stadig nye skolar trugast av nedlegging i møte med ein svak kommuneøkonomi og ulike meiningar om kva som gjev kvalitet i opplæringa. Denne boka gjev ei framstilling av endringar i skolestrukturen i Noreg med vekt på skoletilbodet i distrikta.

Boka får fram korleis læreplanar og styring av skolen påverkar skolestruktur, og ho presenterer forsking på saker som kjem opp når det er snakk om nedlegging av skolar. Dette gjeld økonomi, elevane si faglege og sosiale læring, helse og skoleskyss, skoledrift under trussel om nedlegging og skolen si rolle for bygd og busetting. Ved å trekkje på konkrete utgreiingar av skolestruktur i nokre kommunar, får lesaren eit autentisk innblikk i dilemma og krevjande avvegingar i lokalsamfunnet. Boka får vidare fram korleis dagens læreplan (LK20) opnar for å kunne utnytte dei små skolane sine fortrinn, samtidig som ho synleggjer strukturar som kan føre til at dette potensialet ikkje blir utnytta.

Samla gjev boka eit heilskapleg perspektiv på små skolar i pressa kommunar. Tematikken er i dag aktuell i store delar av landet når stadig større skolar i større kommunar og i fylkeskommunar opplev trusselen om nedlegging. Reise­veg og skolens plass i lokalsamfunnet gjeld alle.

Boka rettar seg mot alle med interesse for barns skole- og oppvekstvilkår, så som lærarar, studentar, politikarar og foreldre.

 

Papirutgaven av boken kan kjøpes hos alle bokhandlere i Norge samt i vår webshop:

 

Forfatterprofiler

Helge Olaussen

Helge Olaussen er strategisk markedsrådgiver og driver Digitalråd, en rådgivningstjeneste for norske SMB-bedrifter som vil bli funnet i både Google og AI-søk. Han har over 35 års erfaring fra reklame-, analyse- og webbyrå, og hjelper i dag bedrifter med strategi, innhold og synlighet i en tid der søk endrer seg raskt. Han jobber alltid direkte med kundene sine, som en kollega, ikke et byrå.

https://digitalraad.no/
Forrige
Forrige

Entusiast og bakstrever

Neste
Neste

Barndomspedagogikk II